
Nynorsk ordliste – tradisjonell og einskapleg norm
Av: Arvid Langeland
For alle som vil skriva ein konsekvent og regelfast nynorsk
Ordlista er tufta på tanken om at nynorsk er eit eige, sjølvstendig språk på lik line med andre normalmål. Ho vil bøta på den forvirringa som kan rå om korleis nynorsken skal sjå ut, og tilbyd ei einskapleg norm som det er råd å læra og nytta.
Ordlista er på om lag 38 000 ord og gjev det sentrale ordtilfanget i moderne nynorsk. Samstundes er kjerneorda i den nynorske ordskatten gjevne større plass enn det som er vanleg i ordbøker eller ordlister av same omfang.
Norma i ordlista byggjer i all hovudsak på læreboknormalen som galdt fram til 2012. Former som frå 1917 og frametter vart tekne inn i nynorsken med det føremålet å tilnærma nynorsken til bokmål, er i stor grad fjerna, og ein del eldre former er tekne inn att for å syna betre samanhengen i målet.
Du får Ordnett både online (i nettleser) og offline (i mobilapp og program for Windows og Mac).Les om Ordnett på alle plattformer
RETTLEIING OM BRUKEN AV ORDLISTA
Ålment om ordlista
Talet på samansette ord er avgrensa. Av sernamn er ein god del landsnamn tekne med, dessutan namn på alle norske kommunar, byar, landskap og fylke, attåt innbyggjarnemne og adjektiv som høyrer til dei, slik dei var i 2017.
Valfrie former har me freista å halda på eit minimum, men der dei finst, er dei anten oppførde med eit «el» imellom:
styrhus el styrehus -et
eller med parentes på alfabetisk plass (medrekna parentesen):
styr(e)hus -et
I ein del tilfelle er det ført opp former utanfor norma i parentes med ei pil etter:
(strøk) ▶strok
I dei tilfella rår me til at forma etter pila vert nytta, og ein vil finna nærare opplysning om bruk og bøying under den forma.
Opplysning om uttale
Ved somme ord er uttale sett opp mellom skråstrekar. Uttalen er markert med vanlege bokstavar, ikkje med lydskrift. Stundom er det brukt akutt (´) eller grav (`) aksent over vokalar for å visa uttalen. Når det gjeld forklaring på bruken av desse teikna, viser me til minigrammatikken § 1.
à jour /asjur/ (føra à jour: føra fram til dags dato)
mogen moge, mogne /mògjen el -mógjen/
For å sikra rett uttale fører me ved somme ord eller bøyingsformer opp aksenten som ein del av skrivemåten.
dùn -en (døyvd, mørk lyd; tyngd, velde; jf dỳn og dynja)
stynja stỳn, stunde, stunt
Det vanlege i norsk er at ord har trykk på fyrste stavinga. Det er ikkje markert i ordlista, utan i nokre få tilfelle der det kan vera uvisse om uttalen. Derimot er trykket markert i dei orda der trykket ligg lenger bak i ordet, med ein strek under vokalen som er kjernen i den trykksterke stavinga, slik:
abnorm -t (unormal)
abnormitet -en
Dersom kjernen i den trykksterke stavinga er ein diftong, er trykket markert med strekar under båe vokalane i diftongen, slik:
akeleie -a (hageplante)
Opplysning om tydingar
Ordlista viser fyrst og fremst korleis orda vert skrivne og bøygde. Ved ein god del ord er det likevel teke med ordtyding, alltid ved likelydande ord og elles i tilfelle der det kan vera tvil om tydinga. Ordtydingane er sette i parentes etter opplysningar om bøying. Når det er ført opp ulike tydingar, er dei skilde med semikolon. Eventuelle bruksdøme fylgjer til slutt.
avsetning -a, -ar (det å setja til sides midlar; avsetnad; avleiring)
tåg -a, tæger (grein av rota; trevl; bjørke-; kjøt-)
DEI EINSKILDE ORDKLASSANE
SUBSTANTIV
Hankjønnsord
Hankjønnsord med vanleg fleirtalsbøying (-ar, -ane) vert oppførde slik:
bil -en
dvs. bil – bilen – bilar – bilane
hage -en
dvs. hage – hagen – hagar – hagane
Ved hankjønnsord som vert bøygde annleis i fleirtal (-er, -ene), vert òg endinga i ubunden form fleirtal oppførd:
ven -en, -er
dvs. ven – venen – vener – venene
lovnad -en, -er
dvs. lovnad – lovnaden – lovnader – lovnadene
Ved endring av ordstomnen, anten tillegg av bokstav eller samandraging, er forma i ubunden form fleirtal som regel skriven fullt ut:
sekk -en, sekkjer
dvs. sekk – sekken – sekkjer – sekkjene
veng -en, vengjer
dvs. veng – vengen – vengjer – vengjene
apal -en, aplar
dvs. apal – apalen – aplar – aplane
sumar -en, sumrar
dvs. sumar – sumaren – sumrar – sumrane
Det same gjeld den flokken hankjønnsord som får -er og omlyd i fleirtal:
bonde -en, bønder
dvs. bonde – bonden – bønder – bøndene
fot -en, føter
dvs. fot – foten – føter – føtene
mann -en, menn(er)
dvs. mann – mannen – menn el menner – mennene
Ord som har uregelrett bøying, vert førde opp med alle bøyingsformer:
sko -en, skor, skorne
dvs. sko – skoen – skor – skorne
bror -en, brør, brørne
dvs. bror – broren – brør – brørne
Ved ord med aksent, t.d. idé, kan ein velja om ein vil ha aksenten med i dei bøygde formene eller ikkje. Dette er ikkje ført opp serskilt i ordlista:
idé-en
dvs. idé – idéen – idéar – idéane eller idé – ideen – idear – ideane
Hokjønnsord
Hokjønnsorda med vanleg fleirtalsbøying (-er, -ene) vert oppførde slik:
brur -a
dvs. brur – brura – brurer – brurene
klokke -a
dvs. klokke – klokka – klokker – klokkene
Ved hokjønnsord som vert bøygde annleis i fleirtal (-ar, -ane), vert òg endinga i ubunden form fleirtal oppførd:
elv -a, -ar
dvs. elv – elva – elvar – elvane
meining -a, -ar
dvs. meining – meininga – meiningar – meiningane
Ved samandraging av ordstomnen er formene som regel skrivne fullt ut:
aksel aksla, aksler
dvs. aksel – aksla – aksler – akslene
hulder huldra, huldrer
dvs. hulder – huldra – huldrer – huldrene
Det same gjeld den flokken hokjønnsord som får omlyd i fleirtal:
bok -a, bøker
dvs. bok – boka – bøker – bøkene
gås -a, gjæser
dvs. gås – gåsa – gjæser – gjæsene
Nokre ord har både samandraging og omlyd, og då er oppføringsmåten slik:
dotter dottera, døtrer
dvs. dotter – dottera – døtrer – døtrene
Der det kan vera tvil om bøyingsmåten, er oppføringsmåten meir utførleg, t.d. i dei orda som endar på trykklett -a i ubunden form og som held på denne -a-en gjennom bøyinga:
primadonna -donnaa, -er
dvs. primadonna – primadonnaa – primadonnaer – primadonnaene
Inkjekjønnsord
Regelrette inkjekjønnsord får inga ending i ubunden form fleirtal og -a i bunden form fleirtal, og dei står oppførde slik:
hus -et
dvs. hus – huset – hus – husa
eple -et
dvs. eple – eplet – eple – epla
fylgje -et
dvs. fylgje – fylgjet – fylgje – fylgja
ynskje -et
dvs. ynskje – ynskjet – ynskje – ynskja
problem -et
dvs. problem – problemet – problem – problema
Ein del framandord som endar på -a, får i tillegg den regulære endinga -a i bunden form fleirtal, og dei er då oppførde meir fullstendig:
skjema -et, -, skjemaa
dvs. skjema – skjemaet – skjema – skjemaa
Ved samandraging av ordstomnen er dei bøyingsformene der samandraging kan vera aktuelt, skrivne fullt ut:
middel mid(de)let, -, midla
dvs. middel – middelet el midlet – middel – midla
teater teat(e)ret, -, teat(e)ra
dvs. teater – teateret el teatret – teater – teatera el teatra
Uregelrette inkjekjønnsord vert oppførde med full bøying:
auga auga, augo, augo
dvs. (eit) auga – (det) auga – (fleire) augo – (alle) augo
barn -et, born, borna
dvs. barn – barnet – born – borna
ADJEKTIV
Endinga i inkjekjønn eintal av adjektiv vert alltid oppførd, men fleirtalsendinga -e vert som regel utelaten frå oppføringa. Regelrette adjektiv ser då slik ut i ordlista:
stor -t
dvs. ein stor gut – ei stor jente – eit stort hus – store gutar/jenter/hus
viljug -t
dvs. ein viljug medarbeidar – ei viljug sjel – eit viljugt svar – viljuge medarbeidarar/sjeler/svar
Ein del adjektiv får ikkje tillagt -t i inkjekjønn. Dei vert oppførde slik:
mekanisk -
dvs. ein mekanisk operasjon – ei mekanisk rørsle – eit mekanisk svar – mekaniske operasjonar/rørsler/svar
vanleg -
dvs. ein vanleg dag – ei vanleg ending – eit vanleg gjeremål – vanlege dagar/endingar/gjeremål
Adjektiva på -ig har valfri -t i inkjekjønn. Dei står oppførde slik:
viktig -(t)
dvs. ein viktig person – ei viktig melding – eit viktig el viktigt svar – viktige personar/meldingar/svar
Atter andre adjektiv har éi og same form i alle samanhengar. Dei vert oppførde slik:
rakryggja adj ubøy
dvs. ein rakryggja mann – ei rakryggja kone – eit rakryggja styre – rakryggja menn/koner/styre
Ved samandraging i fleirtal, konsonantforenkling eller -fordobling er oppføringsmåten meir utførleg:
edel -t, edle
dvs. ein edel mann – ei edel handling – eit edelt andlet – edle menn/handlingar/andlet
trygg trygt
dvs. ein trygg heim – ei trygg hamn – eit trygt hus – trygge heimar/hamner/hus
dum -t, dumme
dvs. ein dum idé – ei dum avgjerd – eit dumt framlegg – dumme idéar/avgjerder/framlegg
Det same gjeld der det vert lydleg samanfall mellom stomnen og inkjekjønnsendinga (i -tt), eller der det kan vera tvil om skrivemåten:
kvit kvitt
dvs. ein kvit blome – ei kvit skjorte – eit kvitt flagg – kvite blomar/skjorter/flagg
viss visst
dvs. ein viss person – ei viss kone – eit visst svar – visse personar/usemjer/svar (jf. vis -t
dvs. ein vis person – ei vis kone – eit vist svar – vise personar/koner/svar)
Adjektiv som endar på trykksterk vokal, får -tt i inkjekjønn og obligatorisk -e i fleirtal. Dette er markert serskilt i ordlista:
blå -tt, blåe
dvs. ein blå fiol – ei blå veske – eit blått auga – blåe fiolar/vesker/augo
Adjektiv på -en har ei serskild bøying og er oppførde slik:
vaksen -e, vaksne
dvs. ein vaksen gut – ei vaksen jente – eit vakse svar – vaksne gutar/jenter/svar
Denne bøyinga gjeld òg perfektum partisipp på -en, som bunden og frosen.
VERB
Sterke verb
Dei sterke verba er alltid oppførde med fulle former i presens (notid), preteritum (fortid) og supinum (forma av perfektum partisipp etter har):
bita bit, beit, bite
dra(ga) dreg, drog, drege
frysa frys, fraus, frose
Linne verb
Dei linne verba står som regel oppførde med berre endingane i presens, preteritum og supinum. Desse endingane syner då kva for klasse verba vert bøygde etter:
kasta -ar, -a, -a
dvs. å kasta – kastar – kasta – har kasta
kjøpa -er, -te, -t
dvs. å kjøpa – kjøper – kjøpte – har kjøpt
leva -er, -de, -t
dvs. å leva – lever – levde – har levt
leia -er, -dde, -tt
dvs. å leia – leier – leidde – har leitt
Verb av den tridje klassen («j-verba») vert oppførde med fulle former:
skilja skil, skilde, skilt
Ved konsonantforenkling eller samansmelting av bøyingsstomn og ending er det gjeve opp fulle former i fortid:
byggja -er, bygde, bygt
dvs. å byggja – byggjer – bygde – har bygt
kjenna -er, kjende, kjent
dvs. å kjenna – kjenner – kjende – har kjent
melda -er, melde, meldt
dvs. å melda – melder – melde – har meldt
venda -er, vende, vendt
dvs. å venda – vender – vende – har vendt
Ein del verb kan ha vanleg a-bøying eller sokalla blanda bøying (med presensform på -ar etter fyrste klassen og fortidsformer på -te og -t etter andre klassen. Dei er oppførde slik:
bruka -ar, -a, -a; ft òg -te, -t
dvs. å bruka – brukar – bruka – har bruka eller å bruka – brukar – brukte – har brukt