|
|
|
Priser
Produktet er for tiden gratis tilgjengelig.
I løpet av høsten vil det inngå i en egen Norsk rettskrivningspakke.
|
|
Nynorsk rettskrivingsordbok og Bokmål-nynorsk ordbok
Forfattar: Jon Bjones.
Byggjer på boka Lingua. Nynorsk ordliste med skrivereglar.
© Kunnskapsforlaget
H. Aschehoug Co. (W. Nygaard) A/S og Gyldendal ASA
Oslo
Frå «Forord til 7. utgåva»
Denne boka er først og fremst tenkt som eit praktisk hjelpemiddel i den vidaregåande skulen og ungdomsskulen. Ho passar også godt på høgare steg i skuleverket, til vaksenopplæring, sjølvstudium og til bruk i administrasjon.
I hovudlista (med over 45 000 oppslagsord) har vi ført opp bøyingsendingar til substantiva, adjektiva og verba. Det er lagt vinn på å få med nye og aktuelle ord som Al Qaida, corny eller korny, empati, e-post, fronte, hipp, kjip, nerd, pirsing, racket eller rekkert, Taliban, treig, zappe og mange fleire. Ordforklaringane er fleire og fyldigare i denne utgåva. Initialord og forkortingar (edb eller EDB, FN, WTO, IKT) er samla i ei eiga liste.
Ordlista Bokmål-nynorsk inneheld meir enn 2000 bokmålsord som vanlegvis ikkje blir brukte i nynorsk (som adgang og anmelde), eller som har ein annan skrivemåte (som skjære, være). Ord som no er godkjende i nynorsk (som anfall og befale), vil ein finne i Nynorsk ordliste, gjerne med synonym.
Rettskrivingsendringane frå 1. juli 2005 er innarbeidde i ordlista.
Trykket viser vi på denne måten: Når det ikkje ligg på førstestavinga, står det ein apostrof etter trykkstavinga. Desse trykkmarkeringane fortel ikkje noko om tonelaget.
Uttalen i norsk har aldri vore regulert av noka rettskrivingsnemnd. Når vi likevel tek med trykk- og uttalemarkeringar, er det for å gi rettleiing til dei som søkjer råd om uttalen. Det inneber ikkje at det er feil – eller mindre korrekt – å bruke naturlege, dialektale uttalevariantar.
Forkortingar og teikn i ordlista
| adj | = adjektiv |
| adv | = adverb |
| art | = artikkel |
| astr | = astronomisk |
| bf | = bestemt form |
| b fl | = bestemt fleirtal |
| biol | = biologi, biologisk |
| bm | = bokmål |
| eig | = eigentleg |
| eint | = eintal |
| el | = eller |
| elek | = elektronisk |
| eng. | = engelsk |
| f eks | = for eksempel |
| fl | = fleirtal |
| fork | = forkorting |
| gml | = gammaldags |
| gramm | = grammatisk |
| hist. | = historisk |
| høgt. | = høgtideleg |
| imp | = imperativ |
| interj | = interjeksjon |
| intr | = intransitivt |
| istf | = i staden for |
| jf | = jamfør |
| kjem. | = kjemisk |
| komp | = komparativ |
| konj | = konjunksjon |
| lat. | = latin(sk) |
| m a | = mellom anna |
| matem | = matematisk |
| mil | = militært |
| mots | = motsett |
| mus. | = (i) musikk |
| nyno | = nynorsk |
| obl | = obligatorisk |
| o l | = og liknande |
| osv | = og så vidare |
| overf | = overført, abstrakt |
| prep | = preposisjon |
| pres | = presens |
| pron | = pronomen |
| pts | = partisipp |
| rel | = religiøs(t) |
| s d | = sjå dette |
| sms | = samansetning(ar) |
| subst | = substantiv |
| sup. | = superlativ |
| tr | = transitiv(t) |
| u. | = uttale, uttalt |
| ub | = ubestemt |
| ubøy | = ubøygd, ubøyeleg |
| v | = verb |
| – | = tankestrek som tyder same form |
| ' | = apostrof etter vokal, diftong eller konsonant som markerer trykk og kvantitet: idea'l, farmasøy't, impe'rativ |
- Forkortingar skal ha punktum etter seg, f.eks., bl.a., ca., dvs., pga., t.d.
- I ordbøker og opplistande publikasjonar kan ein bruke forkortingar utan punktum for å spare plass. Det har vi gjort i denne ordboka.
- Vi bruker ikkje punktum i forkortingar for mynt, mål og vekt: kr (kroner), m (meter), l (liter), kg (kilogram), kB (kilobyte), km/t eller km/time eller km/h (kilometer i timen).
- Det skal ikkje vere punktum ved forkortingar som består av forbokstavane i fleire ord. KUF (Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet), NRK (Norsk rikskringkasting), tv eller TV (televisjon), edb eller EDB (elektronisk databehandling).
- I samansetningar skriv vi slik: NRK-program, EU-medlemskap, edb-utstyr,
bill.mrk.-svar, Sommar-OL, farge-tv.
- I genitiv får initialorda liten s etter seg: NRKs, EUs, Natos eller NATOs.
| A | ampere |
| A | Arbeidarpartiet (= Ap, DNA) |
| a- | atom-, f.eks. a-våpen, a-energi |
| abc- el ABC- | atomic, biological and chemical (eng., atom-, biologisk og kjemisk, f.eks. abc-våpen) |
| AC | Anno Christi i Kristi år (lat., etter Kristi fødsel) |
| AD el a.D. | anno Domini (lat., i det Herrens år) |
| adj. | adjektiv |
| adm. | administrasjon, administrativ, administrerande |
| adr. | adresse |
| adv. | adverb |
| AFP | avtalefesta pensjon |
| AI | Amnesty International (eng., internasjonal menneskerettsorganisasjon) |
| aids | Acquired Immune Deficiency Syndrome (eng., pådregen immunsviktsyndrom), sjå hiv |
| AL | før A/L, andelslag (bm), partslag, sjå PL |
| alm. | alminneleg |
| AM el a.m. | ante meridiem (lat., om formiddagen) |
| AMS | aksjesparing med skattefrådrag |
| AMU | arbeidsmiljøutval |
| ann. | annonse |
| ANSA | Association of Norwegian Students Abroad (eng., Samband for norske studentar i utlandet) |
| AOF | Arbeidernes Opplysningsforbund |
| Ap | Arbeidarpartiet (= A, DNA) |
| art. | artikkel |
| AS | før: A/S, aksjeselskap |
| ASA | allment aksjeselskap |
| ass. | assistent, assisterande |
| AUF | Arbeidernes Ungdomsfylking |
| aug. | august |
| av el AV | audiovisuell; av- el AV-middel: Læremiddel som gir både hørsels- og synsinntrykk |
| avd. | avdeling |
| BA | Bachelor of Arts (lågare universitetsgrad i USA) |
| BBC | British Broadcasting Corporation (det britiske statlege kringkastingsselskapet) |
| BBL | bustadbyggjelag |
| bcg el BCG | Bacillus Calmette-Guérin (fr., vaksine mot tuberkolose) |
| bd. | (bok)band, (bok)bind |
| BEF el bfr | belgiske franc |
| Benelux-landa | Belgia, Nederland, Luxembourg |
| bill.mrk el b.m. | billett merkt |
| bl.a. | blant anna |
| bm. | bokmål |
| BNP | bruttonasjonalprodukt |
| bnr. | bruksnummer |
| bps | bits per second (eining for dataoverføringsfart) |
| Bq | Becquerel (eining for radioaktivitet) |
| brt el BRT | bruttoregistertonn |
| bs | barneskei |
| bto. | brutto |
| c, C | mus. c-moll, C-dur |
| C | romersk talteikn for 100 |
| C | karbon, kolstoff |
| °C | celsiusgrad |
| © | copyright, forlagsrett |
| ca. | cirka, om lag |
| CAD | canadiske dollar |
| cal | kalori |
| cand.agric. | kandidat i landbruksfag |
| cand.jur. | kandidat i juridiske fag |
| cand.mag. | lågare universitetsgrad |
| cand.med. | kandidat i medisinske fag |
| cand.med.vet. | kandidat i dyrlegefag |
| cand.odont. | kandidat i tannhelsefag |
| cand.oecon. | kandidat i sosialøkonomi |
| cand.paed. | kandidat i pedagogikk |
| cand.pharm. | kandidat i farmasi |
| cand.philol. | kandidat i filologi |
| cand.polit. | kandidat i samfunnsvitskap |
| cand.psychol. | kandidat i psykologi |
| cand.scient. | kandidat i realfag, før: cand.real |
| cand.theol. | kandidat i teologi |
| CD | Corps Diplomatique (fr., diplomatkorpset) |
| cd el CD | compact disk (eng., kompaktplate) |
| cf | cost and freight (eng., fraktfritt) |
| cg | centigram |
| CHF el sfr | sveitsiske franc |
| CIA | Central Intelligence Agency (etterretningsorganisasjon i USA) |
| cif | cost, insurance and freight (eng., fraktfritt med forsikring) |
| CIO | Comité International Olympique (fr., Den internasjonale olympiske komiteen), sjå IOC og IOK |
| cl | centiliter |
| cm | centimeter |
| CNN | Cable Network News (amerikansk tv-selskap) |
| Co. | company (eng., kompani) |
| c/o | care of (eng., adresse), sjå adr. |
| CV | curriculum vitae (lat., personalopplysningar (til bruk ved søknader osv), vita) |
| d | desi-, 1/10 |
| d, D | mus. d-moll, D-dur |
| D | romersk talteikn for 500 |
| da | deka-, 10 |
| daa | dekar, 1000 m<$SUPER 2> |
| dB | desibel, måleining for lydstyrke |
| d.d. | de dato (lat., dags dato, i dag) |
| DDT | diklor-difenyl-triklormetylmetan (insektdrepande middel) |
| d.e. | den eldre |
| d.e. | det er |
| DEM | tyske mark (= DM) |
| Dep | departement (i postadresser): Oslo Dep |
| dept. | departement |
| des. | desember |
| dg | desigram |
| disp. | disponent |
| disp. | disposisjon |
| disp. | dispensasjon |
| DK | distriktskommando |
| DKK el dkr | danske kroner |
| dl | desiliter |
| dl | deleatur (lat., som skal strykast, korrekturteikn) |
| dm | desimeter |
| d.m. | denne månaden |
| DM el DEM el dmk | tyske mark |
| DNA | Det norske Arbeidarparti (= A, Ap) |
| DNA | Deoxyribonucleic Acid (eng., deoksyribonukleinsyre, arvestoff) |
| do | ditto: like eins |
| dr. | dokter (lege) |
| dr. | doctor (akademisk tittel for person som har teke doktorgrad) |
| dr.agric. | doktor i landbruksfag |
| dr.art. | doktor i humanistiske fag |
| dr.ing. | doktor i ingeniørfag |
| dr.jur. | doktor i rettsvitskap |
| dr.med. | doktor i legevitskap |
| dr.med.vet. | doktor i dyrlegevitskap |
| dr.odont. | doktor i tannlegevitskap |
| dr.oecon. | doktor i økonomiske fag |
| dr.philos. | doktor i humanistiske fag |
| dr.polit. | doktor i samfunnsfag |
| dr.scient. | doktor i naturvitskap |
| dr.techn. | doktor i tekniske fag |
| dr.theol. | doktor i teologi |
| DS | før: D/S, dampskip |
| d.s. | den/det/dei same |
| dv. | dødvekt (tonn) |
| dvd el DVD | Digital Versatile/Video Disc (eng., videoplate) |
| dvs. | det vil seie |
| dw. | deadweight (eng., dødvekt), sjå dv. |
| d.y. | den yngre |
| d.å. | dette året, i år |
| e | elementærladning |
| e , E | mus. E-dur, e-moll |
| e | elektronisk, f.eks. e-brev |
| E | energi (i fysikken) |
| E | Europaveg, f.eks. E 6 |
| E | ecstasy (eng., eit narkotisk stoff) |
| EBU | European Broadcasting Union (eng., Den europeiske kringkastingsunionen) |
| edb el EDB | elektronisk databehandling |
| e.f. | etter fullmakt |
| eig. | eigentleg |
| eint. | eintal |
| ekg el EKG | elektrokardiogram (elektroregistrering av hjarteverksemda) |
| e.Kr. | etter Kristi fødsel |
| eks. | eksempel |
| eks. | eksemplar |
| el. | eller |
| e.l. | eller liknande |
| EM | europameisterskap |
| enøk el ENØK | energiøkonomisering |
| ep el EP | extended play (eng., utvida speletid) |
| ES | etterskrift, jf PS |
| esc | escudo |
| ESP | spanske peseta |
| et. | etasje |
| etc. | et cetera (lat., og så vidare), jf osv. |
| EU | Den europeiske unionen |
| Euratom el EURATOM | (Det europeiske atomenergifellesskapet) |
| euro | europeisk valutaeining |
| ev. | eventuelt |
| EØS | Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet |
| f. | etter sidetal: følgjande side(r) |
| f. | fødd |
| f. el fem. | femininum, hokjønn |
| °F | fahrenheit (gradar) |
| Fa. | firma |
| FAQ | frequently asked questions (eng., ofte stilte spørsmål) |
| FAO | Food and Agriculture Organization (eng., organisasjonen for ernæring og jordbruk) |
| FBI | Federal Bureau of Investigation (Det amerikanske statspolitiet) |
| Fe | kjem. jern |
| feb. | februar |
| f.eks. | for eksempel |
| fem. el f. | femininum, hokjønn |
| FIFA | Fédération Internationale de Football Association (fr., Det internasjonale fotballforbundet) |
| FIM el fmk | finske mark |
| FIS | Fédération Internationale de Ski (fr., Det internasjonale skiforbundet) |
| f.Kr. | før Kristi fødsel |
| fl | gylden, eig florin (= NLG) |
| fl. | fleire |
| fl. el flt. | fleirtal |
| FM | frekvensmodulering |
| f.m. | førre månaden |
| fmk | finske mark (= FIM) |
| FN el SN | Dei sameinte nasjonane |
| fob | free on board (eng., fritt om bord) |
| f.o.m. | frå og med |
| FoU | forsking og utvikling |
| FpU | Framstegspartiets Ungdom |
| fr | franske franc (= FRF) |
| fr. | fredag |
| fr. | fru el frøken |
| framh. | framhald |
| FRF el fr | franske franc |
| frk. el fr. | frøken |
| FrP | Framstegspartiet |
| f.t. | for tida, jf p.t. |
| fung. | fungerande |
| fut. | futurum |
| fv. | fylkesveg |
| f.å. | førre året |
| g | gram |
| g | tyngdeakselerasjon |
| g. | gate |
| G | grunnbeløp i Folketrygda |
| G | giga (10<$SUPER 9>) |
| GATT | General Agreement on Tariffs and Trade (eng., Generalavtaleen om tollsatsar og andel), no avløyst av WTO |
| GBP | britiske pund |
| GMT | Greenwich Mean Time (eng., Greenwich middeltid) |
| gno. | gammalnorsk |
| gnr. | gardsnummer |
| GRD | greske drakme |
| GT | Det gamle testamentet |
| GWh | gigawattime |
| h | hekto |
| h | hora (lat., time), sjå t |
| H | Høgre (partiet) |
| H | kjem. hydrogen |
| ha | hektar |
| h-bombe | hydrogenbombe |
| HD | harddisk, lagringseining i datamaskin |
| hf. el hft. | hefte el hefta |
| hg | hektogram |
| hi-fi el Hi-Fi | High Fidelity (eng., naturtru lydgjengjeving) |
| hiv | Human Immunodeficiency Virus (eng., virus som kan føre til aids) |
| hk | hestekraft |
| hl | hektoliter |
| HM | Hans, Hennar Majestet |
| H-mjølk | homogenisert mjølk |
| hoh. | høgd over havet |
| HOK | Hærens overkommando |
| hr. | herr |
| hs. | handskrift |
| html | hyper text markup language (eng., eit språk som blir brukt til å lage sider i WWW) |
| http | hyper text transfer protocol (eng., måten Web-sider blir overført over nettet på) |
| h.v. | har vore, no avgått, f.eks. rektor h.v. |
| HV | Heimevernet |
| hå. | hundreår(et) |
| I | kjem. jod |
| IATA | International Air Transport Association (eng., internasjonal samskipnad av ruteflyselskap) |
| ib. el ibid. | ibidem (lat., same stad) |
| ib. el innb. | innbyggjar; innbunden |
| IEA | International Energy Agency (eng., Det internasjonale energibyrået) |
| IEP | irske pund |
| IK | intelligenskvotient, sjå også IQ |
| ikr el ISK el islkr | islandske kroner |
| ikt el IKT | informasjons- og kommunikasjonsteknologi, databehandling |
| IL | idrettslag |
| i-land | industrialisert land, mots u-land |
| ILO | International Labour Organization (eng., Den internasjonale arbeidsorganisasjonen |
| IMF | International Monetary Fund (eng., Det internasjonale valutafondet) |
| inf. | infinitiv |
| ing. | ingeniør |
| inkl. | inklusive |
| innb. el ib. | innbunden |
| innb. el ib. | innbyggjar |
| Interpol el INTERPOL | International Crime Police Organization (eng., Den internasjonale kriminalpolitiorganisasjonen) |
| IOC | International Olympic Committee (eng., Den internasjonale olympiske komiteen), sjå CIO og IOK |
| IOGT | International Order of Good Templars (eng., Godtemplarordenen) |
| IOK | Den internasjonale olympiske komiteen, jf CIO og IOC |
| IQ el IK | intelligence quotient (eng., intelligenskvotient) |
| IS | interessentselskap |
| ISBN | International Standard Book Number (eng., internasjonalt standardboknummer) |
| ISDN | Integrated Service Digital Network (eng., digitalt fleirtenestenett) |
| ISK el ikr el islkr | islandske kroner |
| isl. | islandsk |
| istf. | i staden for |
| ISU | International Skating Union (eng., Den internasjonale skøytesamskipnaden) |
| it el IT | informasjonsteknologi |
| ITL | italienske lire |
| IUS | International Union of Students (eng., Den internasjonale studentunionen) |
| J | joule, måleining for energi, jf cal |
| J/s | joule per sekund |
| jan. | januar |
| jf. | jamfør |
| jnr. | journalnummer |
| JPY | japanske yen |
| jr. el jun. | junior |
| K | kjem. kalium |
| K | romersk talteikn for 250 |
| K | kommunistpartiet, jf NKP |
| k | kilo |
| kap. | kapittel |
| KB | kortbølgje |
| kb | kilobit |
| kB | kilobyte |
| kcal | kilokalori |
| kfr. | konferer, sjå jf. |
| kg | kilogram |
| kgl.res. | kongeleg resolusjon |
| kl. | klasse |
| kl. | klokka, klokkeslett kan skrivast slik: kl. 9.00, kl. 09.00, kl. 0900 eller kl. 9 |
| km | kilometer |
| km/t el km/time el km/h | kilometer per time |
| kn | knop, 1852 m/t |
| KNM | Den kongelege norske marinen |
| konj. | konjunksjon |
| konj. | konjunktiv |
| korr. | korrespondent |
| korr. | korrektur |
| kr | krone |
| kr. | kristeleg |
| KrF | Kristeleg Folkeparti |
| KrFU | Kristeleg Folkepartis Ungdom |
| Kripos | Kriminalpolitisentralen |
| KROM | Norsk forening for kriminalreform |
| KS | kommandittselskap |
| KS | Kommunenes sentralforbund |
| kst. | konstituert |
| kto. | konto |
| kV | kilovolt |
| kVA | kilovoltampere |
| kW | kilowatt |
| kWh | kilowatt-time |
| l | liter |
| L | romersk talteikn for 50 |
| lat. | latin |
| lau. | laurdag |
| LB | langbølgje |
| LCD | Liquid Crystal Display, f.eks. LCD-skjerm |
| lic. | licentiatus (lat., lisensiat, akademisk grad mellom kandidat- og doktorgraden) |
| lg | el log logaritme |
| likn. | liknande |
| litt. | litteratur, litterær |
| LL | før: L/L; lutlag, aksjeselskap |
| lnr. | løpenummer |
| LO | Landsorganisasjonen (i Noreg) |
| lp el LP | longplaying (eng., lengespelande, langspelplate) |
| lsd el LSD | lyserginsyredietylamid (narkotisk stoff) |
| ltd. | limited (eng., aksjeselskap med avgrensa ansvar) |
| lx | lux (lat., måleining for lys) |
| m | meter |
| m | milli, tusendel |
| M | romersk talteikn for 1000 |
| M | (tysk) mark (= DM) |
| m. el mask. | maskulinum, hannkjønn |
| M. | monsieur, herr |
| MA | Master of Arts (magister artium, amerikansk akademisk grad) |
| m.a. | mellom anna |
| mag.art. | magister artium (lat., magister i humanistiske fag) |
| mag.scient. | magister artium (lat., magister i realfag) |
| maks. | maksimal, maksimum |
| m.a.o. | med andre ord |
| matr.nr. | matrikkelnummer |
| mb | millibar |
| MB | mellombølgje |
| MB | megabyte (1 mill. byte) |
| md. | månad(er) |
| med. | medicinae (lat., medisin(sk)) |
| mfl. | med fleire |
| mg | milligram |
| Mg | kjem. magnesium |
| MG | maskingevær |
| MHz | megahertz |
| mil. | militær |
| mill. | million |
| milli | tusendel |
| min | minutt |
| min. | minimum |
| MK | motorkutter |
| ml | milliliter |
| mm | millimeter |
| m.m. | med meir |
| mno. | mellomnorsk |
| moh. | meter over havet |
| m.o.t. | med omsyn til |
| MP | militærpoliti |
| Mr. | mister (eng., herr) |
| MRA | Moral Rearmament (eng., Moralsk Opprustning) |
| mrd. | milliard |
| mrk. | merke, merkt |
| mrs. | mistress; u. missis (eng., fru(e)) |
| ms el MS | multippel sklerose |
| ms. | manus |
| MS | motorskip |
| m/s | meter per sekund |
| MT | motortankskip |
| MTB | motortorpedobåt |
| muh. | meter under havet |
| mV | millivolt |
| MV | megavolt |
| mva. | meirverdiavgift |
| mW | milliwatt |
| MW | megawatt |
| må. | måndag |
| n. | nøytrum, inkjekjønn |
| N | kjem. nitrogen |
| Na | kjem. natrium |
| Nato el NATO | North Atlantic Treaty Organization (eng., den nordatlantiske forsvarsorganisasjonen) |
| NB | nota bene (lat., legg godt merke til) |
| NHO | Næringslivets Hovedorganisasjon |
| Nis el NIS | Norsk internasjonalt skipsregister |
| NKP | Norges kommunistiske parti (=K) |
| nkr el NOK | norske kroner |
| NLG | nederlandske gylden |
| NM | noregsmeisterskap |
| NN | nomen nescio (lat., eg kjenner ikkje namnet) |
| NOK el nkr | norske kroner |
| NORAD | Norwegian Agency for International Development (eng., Direktoratet for utviklingshjelp) |
| NORDSAT | nordisk satellittfjernsyn |
| NOU | Noregs offentlege utgreiingar |
| nov. | november |
| nr. | nummer |
| NRK | Norsk rikskringkasting |
| NRT | nettoregistertonn |
| NS | Nasjonal Samling, 1933¬--45 |
| NSB | Noregs Statsbaner |
| NT | Det nye testamentet |
| NTB | Norsk Telegrambyrå |
| NUPI | Norsk utanrikspolitisk institutt |
| NUV | Noregs Unge Venstre |
| NVE | Noregs vassdrags- og energidirektorat |
| nyno. | nynorsk |
| O | kjem. oksygen |
| o- | orienterings-, f.eks. o-løp |
| o.a. | og anna, og andre |
| obl. | obligatorisk |
| obs. | adj merksam, påpasseleg, f.eks. ver obs. på |
| odont. | odontologi(sk) |
| OECD | Organization for Economic Cooperation and Development (eng., Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling) |
| off. | offentleg |
| ofl. | og fleire |
| o.h. | over havflata |
| okt. | oktober |
| OL | olympiade, olympiske leikar |
| o.l. | og liknande |
| o.m. | og meir |
| o.m.a. | og mykje anna, og mange andre |
| omg. | omgang |
| on. | onsdag |
| op. | opus, (musikk)verk |
| op.cit. | opere citato (lat., i det siterte verket) |
| OPEC | Organization of Petroleum Exporting Countries (eng., Organisasjonen av oljeeksporterande land) |
| osb. | og så bortetter |
| OSSE | Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa |
| osv. | og så vidare |
| Ot. | Odelstinget |
| ot.prp. | odelstingsproposisjon |
| p | pond (eining for kraft) |
| p | piko (ein billiondel) |
| P | kjem. fosfor |
| P | parkeringsplass |
| p.a. |
| pro anno (lat., per år) |
| pag. el p. | pagina (lat., side) |
| par. | paragraf |
| part. el pt. el pts. | partisipp |
| pb. | postboks |
| pc el PC el pd el PD | personal computer (eng., personleg datamaskin) |
| PEN | P: poets, playwrights, E: essayists, editors, N: novelists (eng., Den internasjonale organisasjonen av diktarar, dramatikarar, forleggjarar og romanforfattarar) |
| perf. el pf. | perfektum |
| pga. | på grunn av |
| Ph.D. | Doctor of Philosophy (eng., person med filosofisk doktorgrad frå britisk eller amerikansk universitet) |
| pH | potential of hydrogen (eng., hydrogenpotensial, mål for surleiksgrad) |
| pk. | pakke |
| pkt. | punkt |
| pl. el plur. | pluralis (lat., fleirtal) |
| PL | før P/L, partslag |
| PLO | Palestine Liberation Organization (eng., Den palestinske frigjeringsorganisasjonen) |
| pm el PM | promemoria (lat., til påminning, notat med fakta om ei sak) |
| p.m. | post meridiem (lat., om ettermiddagen) |
| p.m. | post mortem (lat., etter døden) |
| p.p. | per prokura (lat., etter fullmakt) |
| pr. el per | for kvar, f.eks. pr. stykk, pr. kasse, pr. båt |
| prep. | preposisjon |
| pres. | presens |
| pret. | preteritum |
| pron. | pronomen |
| pro pers. | pro persona (lat., for kvar enkelt) |
| ps el PS | post skriptum (lat., etterskrift) |
| pst. | prosent |
| pt. el part. el pts. | partisipp |
| p.t. | pro tempore (lat., for tida), sjå f.t. |
| PTE | portugisiske escudos |
| PVC | polyvinylklorid, plast |
| q.s. | quantum satis (lat., nok (på reseptar)) |
| r | radius |
| ® | registrert varemerke |
| R | rex, konge |
| R | u. reåm€yr; reaumurgrad |
| Ra | kjem. radium |
| red. | redaksjon; redaktør |
| ref. | referanse |
| reg. | register, registrert |
| regl. | reglement |
| rek. | rekommandert; rekord |
| res. | residerande |
| res. | resolusjon |
| res.kap. | residerande kapellan |
| resp. | respektive |
| Rh | rhesusfaktor, blodtypesystem |
| RT | registertonn |
| rv. | riksveg |
| RV | Raud Valallianse |
| s el sek | sekund |
| s. | side |
| S | kjem. svovel |
| s.d. | sjå denne, dette, desse |
| sek el s | sekund |
| SEK el skr | svenske kroner |
| sen. el sr. | senior |
| sep. | september |
| sfr el CHF | sveitsiske franc |
| SFT | Statens forureiningstilsyn |
| sg. el sing. | singularis (lat., eintal) |
| SHT | Statens helsetilsyn |
| sign. | signatur |
| skr el SEK | svenske kroner |
| SL | salslag; samlag |
| s.m. | same månaden |
| sml. | samanlikn |
| sms el SMS | Short Message Service (eng., korte beskjedar mellom mobiltelefonar) |
| sms. | samansetning |
| SN el FN | Dei sameinte nasjonane |
| sos. | sosialistisk |
| SOS | internasjonalt radiotelegrafisk nødsignal |
| Sp. el SP | Senterpartiet |
| sp. | spalte |
| sp. | spansk |
| sr. el sen. | senior |
| ss | spiseskei |
| SS | steamship (eng., dampskip) |
| sst. | same stad |
| s.t. | same tid |
| St. | sankt (lat., heilag) |
| stip. | stipendiat |
| stk. | stykke el stykk |
| st.meld. | stortingsmelding |
| st.prp. | stortingsproposisjon |
| St.tid. | Stortingstidende |
| stud. | studiosus (lat., student) |
| su. el sø. | sundag |
| SU | Sosialistisk Ungdom |
| subst. | substantiv |
| SV | Sosialistisk Venstreparti |
| sv. | svensk |
| s.å. | same året |
| t | time, sjå h |
| t | tonn |
| T | absolutt temperatur |
| T | teksta |
| T | tunnelbanestasjon |
| t.d. | til dømes |
| tekn. | teknisk |
| TH | teksta for hørselshemma |
| TIR | Transport International Routier, Internasjonal vegtransport, skilt på lastebilar som fritek for tollvisitering under transittkjøring |
| tils. | til saman |
| tlf. | telefon |
| TNT | trinitrotoluen, sprengstoff |
| to. | torsdag |
| t.o.m. | til og med |
| trans. el tr. | (transitiv(t)) |
| ts | teskei |
| TS | tankskip |
| TT | turbintankar |
| ty. | tysdag |
| U | kjem. uran |
| ub. | ubunden, ubestemt (form) |
| ufo | unidentified flying object (eng., flygande tallerken) |
| UH | Unge Høgre |
| u.h. | under havflata |
| UHF | ultra high frequency (eng., ultrahøg frekvens) |
| UK | United Kingdom (Storbritannia) |
| u-land | utviklingsland, mots i-land |
| Unctad el UNCTAD | United Nations Conference on Trade and Development (eng., FN-konferansen om handel og utvikling) |
| Unesco el UNESCO | United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization (eng., FN-organisasjonen for undervisning, vitskap og kultur) |
| UNHCR | United Nations High Commissioner for Refugees (eng., FNs høgkommissær for flyktningar) |
| Unicef el UNICEF | United Nations International Children's Emergency Fund (eng., FNs internasjonale hjelpefond for barn) |
| Unido el UNIDO | United Nations Industrial Development Organization (eng., FN-organisasjonen for industriutvikling) |
| UP | utrykkingspolitiet |
| upag. | upaginert |
| URL | uniform recource locater (eng., ein måte å gje namn til ressursar på nettet på) |
| USA | United States (of America) (Sambandsstatane) |
| USD | United States dollar, amerikanske dollar |
| UV | ultrafiolett |
| v | velocitas (lat., fart) |
| v | van, von (framfor personnamn) |
| V | romersk talteikn for 5 |
| V | volt |
| V | Venstre |
| V | vinnar, f.eks. V6 |
| v. | veg |
| v. | volum |
| v. el vb. | verb |
| v/ | ved, f.eks. v/leiaren |
| VA | voltampere |
| VA | vass- og avløpsteknikk |
| vedk. | vedkommande |
| vet. | veterinær |
| vgs. | vidaregåande skule |
| vha. | ved hjelp av |
| VHF | very high frequency (eng., svært høg frekvens) |
| VIP | very important person (eng., svært viktig person) |
| vit.ass. | vitskapleg assistent |
| VM | verdsmeisterskap |
| vsa. | ved sida av |
| VV | Verdsveven |
| VVS | varme-, ventilasjons- og sanitærteknikk |
| W | watt |
| W | kjem. wolfram |
| wc el WC | water closet (eng., vassklosett) |
| Wh | wattime |
| WHO | World Health Organization (eng., Verdshelseorganisasjonen) |
| WTO | World Trade Organization (eng., Verdshandelsorganisasjonen) |
| WWF | World Wide Fund (eng., Verdsnaturfondet) |
| WWW | World Wide Web (eng., Verdsveven) |
| X | romersk talteikn for for 10 |
| yd | yard |
| YUD | jugoslaviske dinarar |
| ØMU | EUs økonomiske og monetære union |
| Å | ångstrøm, måleining for optisk bølgjelengd |
| årg. | årgang |
|
Annonse:
|